DU VIL KUNNGJØRE MEG LIVETS VEI

SALME 16: 11

Tuesday, September 8, 2009

I mi verd, liten og forknytt

syns ditte va et beskrivande dikt. Å ej trur monge kjenne sej jenn i d...
D e en kompis av mej so he skreve dikte.. Viss du vil lese meir av han gå inn på www.jo-oppfradjupet.blogspot.com, han he monge gode tanka å poeng å komme me.

I mi verd, liten og forknytt...

I mi verd er eg ein liten mann, eller snarare eit lite barn.
Eg når ikkje opp, eg strekk ikkje til, eg er ikkje berre liten, eg er altfor liten.

Korleis skal så ein slik liten mann som eg er i mi verd, nå fram til Gud? Eller skal eg det? Er det eg som skal nå fram, eller er det han, Gud, som skal nå til meg?

Eg er liten, armar og bein er kortare en dei ser ut, eg når verken opp eller fram. Istanden blir eg knytt sammen som ein liten knute, heilt ute av stand til å foreta meg noko som helst.

I mi verd er eg betydningslaus, eg er berre ein av mange, som freistar å halda ut i kaoset. Eg er som eg er og det er alt som er, slik kjennest det stundom, men ikkje alltid...

Takk for d du dele JO!

No comments: